Årets gründer

Du kan bestemme kven som blir årets gründer og vinnaren av 100.000 kr!

Årets gründer 2017. Logo.
Veit du om nokon som fortener tittelen «Årets Gründer» og ein premie på 100 000 kroner? Meld dei (eller deg sjølv) på innan 15. september, då vel!

3. november skal «Årets Gründer 2017» kårast i Sogn og Fjordane. Det er sjette gong prisen blir delt ut og vinnaren får med seg
100 000 kroner til nyskapinga si. Utdelinga skjer under Temposeminaret i Florø, og er eit samarbeid mellom Sparebanken Sogn og Fjordane, Innovasjon Norge og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

– Det er mykje spennande som skjer i fylket om dagen, og nye trendar i samfunnet gir nye forretningsmoglegheiter. Vi håpar dette stimulerer til fleire nyskapande bedrifter i fylket, seier Reidun Aasen Nesheim, seniorrådgjevar i Innovasjon Norge, Sogn og Fjordane

Fjorårets vinnar: Håvard Halvorsen i nLink

Fram til søknadsfristen kan alle som vil nominere aktuelle kandidatar.

– Vi ønskjer oss mest mogleg i breidde i søkarmassen, ikkje berre ferdigutvikla bedrifter. Gode idear fortener merksemd, og vi ønskjer å vere med å gi dei ei hjelpande hand vidare i arbeidet deira, seier Pål Fidjestøl, kultursjef i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Etter søknadsfristen 15. september vil juryen plukke ut fem finalistar, som alle vert presentert på Framtidsfylket sine nettsider den 2. oktober. Publikum vert deretter invitert til å stemme fram sin favoritt, før vinnaren vert kåra på Temposeminaret i Florø 3. november.

Dei fem tidlegare vinnarane er Highsoft (2012), Melin Medical (2013), Intempo (2014), GRS Riflestocks (2015) og nLink (2016)

Juryen består av: Reidun Aasen Nesheim, seniorrådgjevar hos Innovasjon Norge Sogn og Fjordane, Trond Teigene, adm. direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane og Kjetil Kvåle, dagleg leiar i Kunnskapsparken.

Vilkår for å delta i konkurransen:

  • Vere utvikla av personar frå Sogn og Fjordane og/eller utvikla (heilt eller delvis) i fylket.
  • Ta utgangspunkt i ein konkret  teneste- eller produktidé, som er kome så langt i utviklinga at kommersialisering er komen i gang. Det vil seie; kan vise til inntekter.
  • Vere berekraftig og ikkje skape negative følgjer for miljøet.
  • Ideen/prosjektet si evne og vilje til å skape aktivitet, omsetnad og arbeidsplassar i fylket vil dessutan kunne slå ut positivt uti kåringa.
  • Verksemda må vere stifta for mindre enn 5 år sidan, ev. må forretningsideen vere utvikla for mindre enn 5 år sidan.

Frist for å sende inn forslag på kandidatar er FREDAG 15. SEPTEMBER
Send dine forslag til post@sparebankstiftinga.no

Spørsmål? Ta kontakt med Pål Fidjestøl, tlf. 911 58 009

Sparebanken Sogn og Fjordane heidrar Årets Gründer 2016 i Sogn og Fjordane i samarbeid med Innovasjon Norge og Framtidsfylket. Prisen blir delt ut på Temposeminaret. Finalistane er klare, så no er det opp til publikum å bestemme kven som stikk av med førstepremien på 100.000 kr.

Avstemming

Stem på din favoritt på heimesida til Framtidsfylket – du finn avstemminga på framtidsfylket.no

Finalistane

INTIN – er ein av dei leiande leverandørane av smarthusløysingar og satsar no også på smartparkering utandørs.

nLink – har utvikla verdas første takboringsrobot og vil revolusjonere byggjebransjen med robotteknologi.

Lefdal Mine Datacenter – tilbyr lagring og drift av dataserverar på ein miljøvenleg måte i dei gamle gruvene på Eid.

Tibber – ein app som kjøper inn og styrer straumen for deg basert på bruksmønster og vêrforhold.

Remb Technologies – ny effektiv løysing for utplassering av dokkstøttene når eit skip skal i tørrdokk.

Temposeminaret
Suksessfaktorer i livet – og næringslivet.

Hovudsponsorar

Samarbeidspartnarar