Elin Tveit Sveen og Gro Tveit Sveen

«Laks i generasjonar skapar nye generasjonar”

Elin Tveit Sveen og Gro Tveit Sveen. Foto.

Utviklinga av generasjonsverksemda Svanøy Røykeri, og Marø Havbruk, er ei spennande lokal bedriftshistorie. Røykelaksen frå Svanøy har blitt ei kvalitetsmerkevare som fleire enn spanskekongen set pris på!

3 generasjonar Tveit er involvert i Svanøy Røykeri, og på Temposeminaret kjem Elin og Gro Tveit Sveen for å dele sine kunnskapar og erfaringar.

Tema dei kjem innom er:
– Korleis jobbar dei opp mot marknader?
– Korleis utviklar dei kunderelasjonar?
– Produktutvikling og innovasjon; – korleis knyt ein det strategisk opp mot marknadsarbeid?

Som nøkkelverksemd i eit lite øysamfunn er det også spennande å høyre om kor viktig bedrifter som Svanøy Røykeri og Marø Havbruk er for eit lokaltsamfunn – for eit velfungerande lokalsamfunn, for busetting i distrikta mm. Korleis involverer bedriftene seg i samfunnsutviklinga på øya?

Temposeminaret
Suksessfaktorer i livet – og næringslivet.