Gunnar Carlson og Sindre Kvalheim

«Måløy, millionar, menneske, rikingar – og IBM på laget = suksess”

Gunnar Carlson og Sindre Kvalheim. Foto.

Kva er eigentleg historia bak Lefdal Gruve – den gamle gruva i Nordfjord som kan bli det største, sikraste, grønaste og mest kostnadseffektive datasenteret i Europa.

Sindre Kvalheim frå Måløy er IT-mann, gründer og kjent som ein av dei flinkaste unge leiarane i Sogn og Fjordane. Saman med Måløypatriot, investor og pådrivar-propell i lokalsamfunnet, Gunnar Carlson, fortel Kvalheim om tankane og strategiane bak satsinga og kjem med svaret på følgande spørsmål:

“Korleis fekk vi 10 millionar i privat kapital til å bli 70 arbeidsplassar, og korleis har vi i tillegg fått med oss ein av Tysklands rikaste menn og den global leiinga i IBM med på laget i lille Måløy?”

Sju år på rad ringde investor Gunnar Carlson til IT-mannen Sindre Kvalheim for å få det unge leiar-talentet til å flytte heim. Då Carlson ringe for sjuande gong, i 2007, var tolmodet i ferd med å renne ut. Kvalheim fekk kniven på strupen.

– Enten så sa eg ja, eller så slutta han å ringe meg fleire gongar, seier Kvalheim. Resultatet blei datalagringselskapet Localhost, og fleire IT/telekommunikasjonsselskap som er spunne ut av det same miljøet – og ikkje minst Lefdal Gruve. Til saman er det snakk om selskap med over 60 millionar kroner i driftsinntekter, og rundt 70 tilsette – og det kan bli mykje meir.

Vi gler oss til ein halvtimes føredrag med tospannet Carlson og Kvalheim!

Temposeminaret
Suksessfaktorer i livet – og næringslivet.