Olav Haraldseid

«Leiing i endring og mangfaldskapitalisme»

Olav Haraldseid. Foto.

Olav Haraldseid har jobba som HR-direktør i store norske konsern som NorgesGruppen ASA, Statoil ASA og Statoil Fuel & Retail. Han er hovudfagsutdanna i idrettspsykologi frå Norges idrettshøyskole og er ein av dei fremste ekspertane i Norge på korleis ein styrkjer prestasjonane i ei bedrift/organisasjon. Han har m.a fått pris som beste føredragshaldar evaluert av kursdeltakarar gjennom eit år i regi av annonsørforeningen.

Olav kjem mellom anna inn på følgande tema i føredraget:
– Korleis utnytte ulikheit og gjennom det styrkje organisasjonens konkurransekraft?
– Korleis setje saman eit høgt presterande team med komplementære ferdigheiter?
– Korleis bli ein god mangfaldsleiar?
– Bedrifter som klarer å utnytte mangfald er morgendagens vinnarar!
– Korleis styrkje prestasjonskulturen i di bedrift?
– Korleis byggje ei sterk merkevare gjennom medarbeidarane sine prestasjonar i møte med kunden?
– Slik får du fram det beste i deg sjølv.
– Korleis leie eit selskap gjennom store endringar?
– Korleis profitere på mangfald?

HR-funksjonen har eit rykte på seg til å først og fremst å vere ein utgiftspost med prosessfokus, men Olav viser korleis det her også ligg eit stort inntekstpotensiale om ein jobbar på rette måten. Han har utvikla konkrete verktøy innan HR-området som har generert store inntekter. For arbeidet med å forretningsorientere HR-funksjonen mottok han på vegne av Statoil Fuel & Retail HR Norges kompetansepris.

Alle veit at det er kostbart å miste ein dyktig medarbeider, men kva er no eigentleg prisen? Olav har rekna på økonomiske konsekvensar av prestasjonsvariasjonar på individnivå.

Om du er leiar eller «vanleg» tilsett i ei bedrift, så er vi alle våre eigne leiarar. Olav er oppteken av at vi alle utnyttar dei endringane som skjer rundt oss på ein positiv og effektiv måte slik at vi presterer betre – både som enkeltindivid og i grupper.

Olav er også opptatt av å utnytte moglegheitene eit fleirkulturelt samfunn gir oss, han kallar det mangfaldskapitalisme.

Olav Haraldseid er ein særs kunnskapsrik og dyktig føredragshaldar som gjennom god formidlingsevne klarar å engasjere publikum på ein lærerik måte.

Nokre av tilbakemeldingane Olav har fått:

«Hei Olav og takk for et forrykende foredrag om prestasjonskultur. Det er gøy å se
hvordan du levendegjør ganske tørt fagstoff med relevante eksempler og presenterer
dette med en kraft som får taket til å løfte seg i latterbrøl. Jeg synes også ditt faglige
skråblikk får frem mange perspektiver på prestasjonskultur. Takk skal du ha.»
– Solveig Hellebust, Konserndirektør DnB ASA

«Hei Olav og takk for et utrolig bra innlegg. Foredraget ditt var midt i blinken. Har fått
masse positive tilbakemeldinger på at dette var kjempebra. Også tilbakemeldinger på at dette var høyst relevant og som alle kunne ta lærdom av. Alt fra ledelsen til våre medarbeidere».
– Eva Olsen, HR direktør Orkla ASA

«Hei Olav. Du ble konferansens beste innslag. 87% rated deg som 6 (excellent), 
9% som 5 (good) og 4% var ikke til stede under foredraget. 
Dette var rett og slett midt i blinken.»
– Ingvild Trondsen, HR specialist Telenor ASA

Temposeminaret
Suksessfaktorer i livet – og næringslivet.