Årets gründer

Du kan bestemme kven som blir årets gründer og vinnaren av 100.000 kr!

Årets gründer 2017. Foto.Etter ein nøye gjennomgang har juryen no plukka ut fem gründerfinalistar. På lista finn vi ein turistattraksjon, eit rådgjevingskontor, eit landbasert oppdrettsanlegg, eit bølgjekraftverk og ein tareprodusent.

No er det opp til publikum å stemme fram kven dei meiner bør få med seg tittelen Årets Gründer 2017 og ein pengepremie på 100 000 kroner. Du kan stemme heilt fram til 30. oktober. Deretter vil juryen si vurdering og publikumsstemmene avgjere kven som blir Årets Gründer 2017. Vinnaren blir offentleggjort på Temposeminaret 3. november i Florø.

Årets Gründer er eit samarbeid mellom Sparebanken Sogn og Fjordane, Framtidsfylket, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Innovasjon Norge, og prisen blir i år delt ut for sjette gong. Juryen har i år bestått av Trond Teigene, adm. direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, Kjetil Kvåle, dagleg leiar i kunnskapsparken og Reidun Aasen Nesheim, seniorrådgjevar i Innovasjon Norge.

Avstemming

Stem på din favoritt på heimesida til Framtidsfylket – du finn avstemminga på framtidsfylket.no

Finalistane

Loen Skylift

Loen Skylift er ein førti år gamal draum som endeleg har blitt realisert, til ståande applaus frå så vel verdspresse som kongehus, og ikkje minst dei langt fleire besøkande enn ein hadde turt å håpe på. Bana er ei av dei brattaste i verda og du kan reise frå fjord til fjell på fem minutt, opp til Hoven 1011 moh. Juryen har lete seg imponere over fylkets nye turistattraksjon i verdsklasse, og at prosjektet med hotelldirektør Richard Grov i spissen klarte reise over 140 millionar i eigenkapital til prosjektet.

Les meir om Loen Skylift

 

HydroWave i Måløy

HydroWave leverer eit komplett bølgjekraftsystem til kundar spreidd over heile verda. Selskapet har bakgrunn i Havkraft AS som sidan 2009 har testa og utvikla heile 27 patent knytt til bølgjekraftverk som skal kunne monterast på ei skipsside, og levere inntil 100 % av skipet sitt straumbehov.

HydroWave vart etablert i 2015, og er selskapet som skal ta seg av den kommersielle biten og levere dei komplette systema ut til kundane. HydroWave fekk sin første 3-årige utviklingskontrakt med reiarlaget Uksnøy i september i år, og ser eit stort potensiale for å levere grøn energi til både skip og andre installasjonar til havs, som til dømes oppdrettsmerdar.

Les meir om HydroWave

 

Sogn Aqua AS i Høyanger

Sogn Aqua AS har spesialisert seg på landbasert oppdrett av kveite i Høyanger. Dei har òg utvikla eige mobilt slakteri kor fisken går rett frå kaldvatnet over på is, noko som gir svært høg kvalitet og opna for at 80 % av fisken frå Slantevika går til ein svært betalingsvillig sushimarknad.

Då ideen kom opp for 10 år sidan var det mange som var kritiske til at djupvassfisk kunne trivast på land, men dagleg leiar Jan Brekke har stått på med krum nakke, og har knekt koden med å leie stabilt kaldt fjordvatn frå 100 meters djup opp til flate, grunne merdar i Slantevika.

Les meir om Sogn Aqua AS

 

Sødermann Rådgiving på Eid

Sødermann Rådgivning er eit analyse- og rådgjevingsselskap som leverer tenester til kommunal sektor. Rådgjevingskontoret oppstod i kjølvatnet av eit omstillingsprosjekt i Eid kommune, etter at helse- og sosialsjef Petter Sødermann utvikla ein svært fruktbar «nedanfrå-og- opp»-metodikk som gjorde om på tenkemåten i offentleg sektor, mellom anna gjennom kreativ bruk av «big data». Resultatet vart både kostnadskutt, betre tenestetilbod og fleire oppgåver og tilsette. Bedrifta med «Annleisrådgjevarane» i Nordfjordeid har no vakse til 19 tilsette, på berre fire år!

Les meir om Sødermann Rådgiving

 

Seaweed på Bulandet

Seaweed blei etablert i 2014 og dyrkar og produserer tareprodukt på Værlandet Bulandet. Plasseringa ytst i Sognefjorden med nærleik til Nordsjøen sikrar optimale forhold for dette her. Tare er ein kjent ingrediens i blant anna sushi, men vert ein stadig vanlegare ingrediens hos fleire og fleire restaurantar og kjøkken. Og det skulle berre mangle; tare vert kalla «naturens supermat» fordi det er sunt, berekraftig og velsmakande. Seaweed ser eit enormt potensiale for taredyrking i Norge, og har budd seg for å ta sin del av marknaden.

Les meir om Seaweed

Årets gründer 2017. Logo.
Veit du om nokon som fortener tittelen «Årets Gründer» og ein premie på 100 000 kroner? Meld dei (eller deg sjølv) på innan 15. september, då vel!

3. november skal «Årets Gründer 2017» kårast i Sogn og Fjordane. Det er sjette gong prisen blir delt ut og vinnaren får med seg
100 000 kroner til nyskapinga si. Utdelinga skjer under Temposeminaret i Florø, og er eit samarbeid mellom Sparebanken Sogn og Fjordane, Innovasjon Norge og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

– Det er mykje spennande som skjer i fylket om dagen, og nye trendar i samfunnet gir nye forretningsmoglegheiter. Vi håpar dette stimulerer til fleire nyskapande bedrifter i fylket, seier Reidun Aasen Nesheim, seniorrådgjevar i Innovasjon Norge, Sogn og Fjordane

Fjorårets vinnar: Håvard Halvorsen i nLink

Fram til søknadsfristen kan alle som vil nominere aktuelle kandidatar.

– Vi ønskjer oss mest mogleg i breidde i søkarmassen, ikkje berre ferdigutvikla bedrifter. Gode idear fortener merksemd, og vi ønskjer å vere med å gi dei ei hjelpande hand vidare i arbeidet deira, seier Pål Fidjestøl, kultursjef i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Etter søknadsfristen 15. september vil juryen plukke ut fem finalistar, som alle vert presentert på Framtidsfylket sine nettsider den 2. oktober. Publikum vert deretter invitert til å stemme fram sin favoritt, før vinnaren vert kåra på Temposeminaret i Florø 3. november.

Dei fem tidlegare vinnarane er Highsoft (2012), Melin Medical (2013), Intempo (2014), GRS Riflestocks (2015) og nLink (2016)

Juryen består av: Reidun Aasen Nesheim, seniorrådgjevar hos Innovasjon Norge Sogn og Fjordane, Trond Teigene, adm. direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane og Kjetil Kvåle, dagleg leiar i Kunnskapsparken.

Vilkår for å delta i konkurransen:

  • Vere utvikla av personar frå Sogn og Fjordane og/eller utvikla (heilt eller delvis) i fylket.
  • Ta utgangspunkt i ein konkret  teneste- eller produktidé, som er kome så langt i utviklinga at kommersialisering er komen i gang. Det vil seie; kan vise til inntekter.
  • Vere berekraftig og ikkje skape negative følgjer for miljøet.
  • Ideen/prosjektet si evne og vilje til å skape aktivitet, omsetnad og arbeidsplassar i fylket vil dessutan kunne slå ut positivt uti kåringa.
  • Verksemda må vere stifta for mindre enn 5 år sidan, ev. må forretningsideen vere utvikla for mindre enn 5 år sidan.

Frist for å sende inn forslag på kandidatar er FREDAG 15. SEPTEMBER
Send dine forslag til post@sparebankstiftinga.no

Spørsmål? Ta kontakt med Pål Fidjestøl, tlf. 911 58 009

Temposeminaret
Suksessfaktorer i livet – og næringslivet.

Hovudsponsorar

Samarbeidspartnarar