Ailo Gaup

«Ailo – tross alt»

Ailo Gaup. Foto.

Ailo Gaup er tidlegare verdsmeister i Freestyle Motocross, FMX, to gongar. Med på kjøpet fekk han over tretti brekte bein i kroppen, og han skada lunger, nyrer og milt.

Ailo Gaup held eit engasjerande foredrag om sine opp- og nedturar i karriera – og dei har det vore mange av! «Ailo – tross alt» er eit inspirerande foredrag om vegen – og omvegen – til suksess. Du får møte ein idrettsutøvar som har gjort det til sin styrke å ha fokus på oppgåvene og setje seg store og ambisiøse mål.

Ailo grip publikum med humor og meining. Tross alt han opplevde; «koste kva det koste vil»; – Ailo gav aldri opp. Dette er verkeleg eit foredrag å bli inspirert av!

Temposeminaret
Suksessfaktorer i livet – og næringslivet.