Anne Lindmo

«Mot til å lykkes»

Anne Lindmo. Foto.

Anne Lindmo er den klare talkshowdronninga i Norge. Ho har ei lang karriere i NRK der ho har jobba både i radio og tv. No delar ho sine erfaringar i eit glimrande føredrag om mot; mot til å lykkast!

“Det er aldri noen som gir deg drømmejobben din – den må du selv drømme frem, så må du våge – og til slutt må du jobbe. Som et beist.”

Føredraget tar for seg:

  • Aktive val og ansvar for eigen måloppnåing
  • Verdien av å bryte med andre sine forventningar og tørre å starte på nytt.
  • Meining og kraft gjennom lagarbeid med andre.
  • Evna til å fokusere og gleda ved å jobbe hardt.
  • Korleis leie på ein måte som får det beste ut av alle.
  • Kjerneverdiar, meir enn fine ord som blir vedtatt på seminar og puttast i ein skuff.
  • Førebilete, lære av andre.

Anne formidlar med stort engasjement og humor. Publikum får både befriande latter, ein høgdose inspirasjon og solide refleksjonar til ettertanke.

Som 40-åring tok Anne Lindmo ei stor avgjerd. Ho hadde ein trygg jobb som programleiar, men merka sjølv at ho hadde eit større potensiale og ein større draum: Ho ønska å skape sitt eige, store talkshow i beste sendetid på NRK. Ho tok sjansen, sa opp jobben og starta arbeidet mot å nå draumen. Etter lang og møysommeleg kamp blei programmet ein realitet. Showet er no blitt eit av NRK sine store flaggskip og Lindmo har heile fem gongar blitt kåra til Norges beste kvinnelege programleiar.

Det er ei stor glede å ønskje Anne Lindmo velkomen som føredragshaldar på Temposeminaret.

Temposeminaret
Suksessfaktorer i livet – og næringslivet.

Vi brukar informasjonskapslar for å gje deg ein enklare brukaropplevelse og til statistikk slik at vi kontinuerleg kan forbedre sidene våre.