Bjarne Brøndbo

«Eksamen kvar dag»

Bjarne Brøndbo. Foto.

Dei fleste kjenner Bjarne Brøndbo som den rølpete trøndaren med bar overkropp som roper Rai Rai – men biletet er nok noko mer meir samansett.

Entertainer, prisbeløna skodespelar, gründer, frontfigur, ektemann og pappa: Det er ikkje like enkelt å prestere og vere perfekt på alle livets arenaer, og Bjarne snakkar om korleis du kan takle dei vala du heile tida må gjere – karriere, familie, suksess, ein tur til Kilimanjaro… osb! Historia om D.D.E. handlar mykje om kompisgjengen som ville bli best i Norge, korleis dei strategisk har klart å vere i eliteserien i over 20 år, kva som heldt på å gå til helvete og vala dei gjorde for å nå måla – utan at det gjekk til helvete.

Bjarne er oppteken av å kunne prestere kvar dag; ta eksamen kvar dag. Men som Bjarne seier; du treng ikkje vere perfekt for å prestere bra! Han er opptatt av at folk skal føle seg “normale”, men vil også inspirere oss; vi er i stand til å prestere meir enn vi anar!

Vi vil få høyre om episodar som kallar fram både brølande latter og kanskje ei tåre i augekroken. For Bjarne er ein all-in-one underhaldningsmaskin som i tillegg til å bruke stand-upens verkemiddel har evna til å engasjere og begeistre. Og når Bjarne er «oppe til eksamen» på scena så høyrer sjølsagt musikk med. Aleine med pianoet får vi høyre, og synge med på, nokre låtar som er allemannseige i Norge.

Gled deg til eit fantastisk flott føredrag av ein normal mann!

Temposeminaret
Suksessfaktorer i livet – og næringslivet.