Cecilia Brækhus

«Slagkraften bak slaget»

Cecilia Brækhus. Foto.

Sidan 2007 har Cecilia Brækhus gått seirande ut av alle sine 35 profesjonelle boksekampar.

Cecilia sette proffboksing på det norske kartet, og har sidan starten kjempa for gjere profesjonelle kampar på norsk jord lovleg.1. oktober 2016 fekk ho det til – ho slo Franske Anne-Sophie Mathis på TKO i sjølvaste Oslo Spektrum i Oslo under «The Homecoming».

Cecilia blei nominert til «Årets navn» på Idrettsgallaen 2010 og Idrettsgallaen 2011.

Ho vann denne klassen på Idrettsgallaen 2013, og ho vann «Åpen klasse» i 2011.

Som verdsstjerne nyt Cecilia stor respekt både i og utanfor ringen. Ho har bokstavleg talt slått seg opp og fram, og er i dag sjølstendig næringsdrivande med fleire tilsette på lønningslista.

Målbevisst handlekraft kjenneteiknar Cecilia, og i sitt foredrag snakkar ho om vegen til å bli best, vegen til vanskelege mål, og om korleis ein kjem seg dit med blant anna å ta seg sjølv ut av komfortsona.

Det er viktig for Cecilia å ha det beste teamet i ryggen; kraften bak slaget. Ein vinn ikkje utan det beste teamet. Korleis jobbar eit team saman for å nå eit mål? Korleis få trenaren, legen, manageren – og han som held spyttebakken, til å jobbe saman for det eine målet; – å få The First Lady seirande ut av ringen.

I sitt foredrag set Cecilia fokus på mange av dei same mekanismane næringslivet treng for å lukkast – og ho gjer det gjennom si unike idrettshistorie. Etter eit foredrag med Cecilia Brækhus forlet du salen med energi og ny giv – og ikkje minst kjensla av at du har lært av verdas beste kvinnelege boksar.

Temposeminaret
Suksessfaktorer i livet – og næringslivet.