Fredrik Reinfeldt

«Konkurranse og entreprenørskap, leiarskap og samfunnsutvikling mot år 2050»

Fredrik Reinfeldt. Foto.

Tidlegare statsminister i Sverige, Fredrik Reinfeldt, har vore aktiv i svensk og internasjonal politikk i over 25 år. Reinfeldt var Sveriges statsminister frå 2006 til 2014 og Moderaternas partileiar frå 2003 til 2015. Som statsminister leia han ei regjering av Moderaterna og dei tre mellompartia Centerpartiet, Folkpartiet og Kristdemokraterna. Koaliasjonsregjeringa han leia er den lengste ikkje-sosialistiske regjeringsperioden i moderne tid i Sverige. Reinfeldt var også president i Rådet for EU, og var medlem i rådet i 8 år.

I si tid som statsminister lukkast Reinfeldt med ein politikk som skapte 300.000 nye arbeidsplassar trass den økonomiske verdskrisa. Den svenske økonomien hadde høgre vekst og sunnare offentleg økonomi enn andre europeiske land i hans tid som statsminister. Sverige var også det einaste landet i EU som hadde klart å senke den nasjonale gjelda gjennom finanskrisa.

Reinfeldt er no mellom anna seniorrådgjevar i Bank of America Merrill Lynch med Europa, Midtausten og Afrika som ansvarsområde. Og han er leiar for organisasjonen Extractive Industry Transparency Initiative som arbeider for ein meir ansvarsfull bruk av naturressursar.

Med si erfaring som statsminister og eit omfattande internasjonalt nettverk som bakgrunn, delar Reinfeldt sine personlege erfaringar og framtidstankar i eit gnistrande føredrag som får glimrande tilbakemeldingar av publikum.

Temposeminaret
Suksessfaktorer i livet – og næringslivet.

Vi brukar informasjonskapslar for å gje deg ein enklare brukaropplevelse og til statistikk slik at vi kontinuerleg kan forbedre sidene våre.