Gro Hammerseng-Edin

«29-29 og 5 sekund igjen»

Gro Hammerseng-Edin. Foto.

Gro Hammerseng-Edin er for dei fleste kjent som ei av Norges mest meritterte og mest erfarne handballspelarar. Ho debuterte for landslaget alt i 2000, og har sidan vore med og tatt medaljar i fleire EM, VM og OL.

Gro har lang leiarerfaring og brei kompetanse. Ho har vore kaptein på samtlege lag ho har spelt på, mellom anna landslagskaptein i fleire år. Og fram til ho la opp som aktiv handballspelar i år, var ho kaptein på Larvik HK – der ho framleis sit i styret. Erfaringa ho har som profilert, merittert leiar og mellomleiar i desse rollene, samt erfaringa frå tett samarbeid med Marit Breivik, Thorir Hergeirsson og Ole Gustav Gjekstad, har gitt ho ei unik plattform til å reflektere kring leiarrolla.

Gro trivast med å halde føredrag om tema som samspel/lagarbeid, prestasjonskultur og leiing, bevisstgjering av roller på jobb/heime og kulturbygging. Ho tek for tida eit studie i kulturjournalistikk. Noko av det ho brenn for i denne samanheng, er å finne årsakene til at det er så få kvinnelege ekspertar i offentleg debatt. Ho ønskjer å vere ein pådrivar for at kvinner skal tørre å ta på seg leiarverv og ekspertrolla i større grad enn det som er tilfellet i dag.

Gro har fleire tematiske føredrag på gang, og på Temposeminaret vil ho komme inn på fleire av desse – der mange av dei ligg nært opptil tematikk ho kjem inn på i boka «Anja + Gro = Mio. Kunsten å få barn».

Vi gler til å lytte til og bli inspirert av ei levande norsk idrettslegende med historiar og erfaringar frå ei innhaldsrik og unik karriere.

Temposeminaret
Suksessfaktorer i livet – og næringslivet.