Hana Colakovic

«Frå barrierer til bruer»

Hana Colakovic. Foto.

Med sitt bergenske lynne, karisma og openheit vil finalisten i «Årets unge ledestjerne 2024», «businesslady» og Women-in-tech-arbeidsjernet gi oss det viktige foredraget «Frå barrierer til bruer.» Eit foredrag som handlar om brubygging på mange plan.

Hana Colakovic er ein barrierebrytande seriegründar og ein erfaren formidlar med ei unik evne til å inspirere og engasjere.

Hana brenn for mangfald og brubygging mellom menneske for å skape gode kulturar i organisasjonar. Foredraget vil gi inspirasjon til korleis leiing og innovasjon heng saman. Hana viser korleis psykologisk tryggheit, mangfald og menneskets unike sider skaper grobotn for nye idear – støtta av både forsking og personlege historier. Ho deler også innsikt i korleis Generasjon Z navigerer i arbeidslivet: kva slags verdiar som driv dei, kva dei forventar av leiarar, og korleis vi betre kan forstå og samarbeide med ein generasjon som set nye standarder for arbeid, meining og fleksibilitet.

Gjennom ei karriere som spenner over fleire sektorar og med ein MBA i Innovasjon og Teknologiledelse, har Hana utvikla ei sterk samfunnsstemme. Allereie som 21-åring starta ho sitt første selskap, og ho har sidan oppnådd suksess på ei rekke område. I dag er ho dagleg leiar for det prisløna techselskapet Link Utvikling AS.

Hana er også styreleiar i Kulturformidlingen Kulturjakten, partnar i startup acceleratoren Atlas Accelerator, samt partnar i First Tuesday Bergen AS (Vestlandets største nettverksarena for teknologi og innovasjon.) Ho er også styremedlem i Ulriken Taubaneselskap AS, varastyremedlem for Carte Blanche AS og har gjennom fem år samarbeidd tett med NAV for arbeidsinkludering. Saman med Etablerersenteret har Hana også laga eit nytt kurs for gründarar i idéfasen: Fra Kaos til Klarhet.

Hana Colakovic evnar å knytte saman perspektiv frå ulike bransjar og formidlar innsikt som både inspirerer og gir konkret verdi. Ho inspirerer til mangfald, teknologisk innovasjon og sterkare bedriftskulturar, og etterlater publikum med både refleksjon og handlekraft.

Hana gir deg lærerike og tydelege innsikter med strålande energi!