Hanne Kristin Rohde

«Kjemp for alt hva du har kjært»

Hanne Kristin Rohde. Foto.

Hanne Kristin er ein av Norges beste kvinnelege føredragshaldarar. Ho var kjent som profilert og markant politiinspektør og leiar av Seksjon for volds- og seksualforbrytelser i Oslo Politidistrikt. I dag held ho erfaringsbaserte føredrag, er engasjert som leiarutviklar og skriv kriminalromanar og andre bøker.

– Leiing er teori, leiarskap er praksis. Mine føredrag handlar om leiarskap, sier Rohde.

«Juli 2011: Hanne Kristin Rohde er på ferie når telefonen ringer. En bombe har gått av i Oslo. Lite vet hun om at dette bare er begynnelsen på det mest krevende året i hennes liv. Snart venter ekstremt arbeidspress, trykk fra mediene og alvorlig sykdom – som både rammer egen familie og til slutt henne selv.»

I føredraget «Kjemp for alt hva du har kjært» ausar Hanne Kristin Rohde av sine erfaringar som mangeårig leiar i politiet, og fortel også om erfaringar i oppveksten som har prega ho. Ho fortel om den unge jenta som ikkje våga å ta ordet i forsamlingar – og korleis den samme dama handterer eit fulltallig pressekorps på pressekonferanse. Tankane hennar om dinosaurar i sjefsstolen og godt leiarskap er gjenkjennelege og lærerike – uansett arbeidsplass.

Mest av alt er «Kjemp for alt hva du har kjært» eit inspirasjonsføredrag: Du kan overvinne dårlege sjefar og din eigen frykt. Svakheiten kan bli din styrke. Hanne Kristin fortel om å tørre å satse på seg sjølv. Om å tviste indre dialog i positiv retning fordi den du snakkar aller mest med i løpet av dagen er deg sjølv – og då er det viktig at du høyrer noko bra! Ho snakkar om å avlive dei velkjente bløff-tankane (The impostor syndrome), om å overvinne criticus infernalistane der ute, dei som sit djupt i lenestolane og spreier galle og utryggheit. Ho fortel om korleis ho klarte å lene seg enda lengre fram, og kjempe for alt ho har kjært. For ville vi behandla våre beste vener slik vi tidvis behandlar oss sjølve? «Kjemp for alt hva du har kjært er eit føredrag om å byggje seg sjølv sterk. Skal vi klare å leie andre – både i næringslivet og livet – må vi først greie å leie oss sjølve.

Hanne Kristin blei kåra til Årets Osloborger i 2010, nominert til Årets navn i VG same år og kåra til Årets råaste kvinne over 40 av bladet Alt for damene i 2011.

Når det røyner på er Hanne verkeleg rå; og det kan vi alle bli! «Kjemp for alt hva du har kjært» er eit sterkt, personleg og særs inspirerande føredrag.

Temposeminaret
Suksessfaktorer i livet – og næringslivet.