John Bruton

«Brexit, handelskrig, konkurransekraft og implikasjonar for norske bedrifter»

John Bruton. Foto.

John Bruton er tidlegare irsk statsminister og EU-ambassadør til USA. Som statsminister var han leiande i arbeidet med å transformere den irske økonomien til “Celtic Tiger”, ei av dei raskast veksande økonomiane i verda. I 1993, det året han blei statsminister, var den årlege økonomiske veksten i Irland 2.7%. I løpet av tida hans som statsminister (1994-1997), var den årlege gjennomsnittlege veksten i irsk økonomi på 8.7%, med ein topp på 11.1% i 1997.

John Bruton var også sterkt involvert i fredsprosessen i Nord-Irland som enda i «the Good Friday Agreement» i 1998. Bruton styrte også den suksessfulle irske EU-presidentskapen i 1996, og hjalp til med sluttarbeidet på «the Stability and Growth Pact», ordninga som styrer den europeiske valutaen, Euro. Bruton blei EU-ambassadør for USA i 2004, og har sidan den gong halde viktige og lærerike foredrag verda over om global og lokal økonomisk utvikling. Gjennom sine verv, sitt globale nettverk og sin kunnskap, har Bruton ein unik kompetanse som vi er særs glade for å kunne dra lærdom av.

Som EU-ambassadør (EU Commission Head of Delegation) for USA har Bruton mellom anna hatt ein-til-ein-møte med fleire tidlegare presidentar og over 250 medlemmer av Kongressen der tema har vore diskusjon av EU-USA-forholdet med vekt på handel, offentlege helsetenester, antiterror-tiltak, energi, miljø og menneskerettar verda over.

Næringslivet i ei lita opa økonomi som den norske, vil alltid vere utsett for konsekvensar av internasjonale endringar. Irland sitt forhold til Storbritannia er nært, og med Brexit 31. oktober, er det natuleg at Bruton tek for seg implikasjonar av Brexit på Temposeminaret 1. november. Han vil knyte Brexit opp mot verknader for norsk næringsliv.

For næringslivet i Sogn og Fjordane vil Brutons foredrag vere særs relevant. I tillegg til sin statsmininsterperiode har Bruton også bakgrunn som finansminister, industri- og energiminister, og minister for handel og reiseliv i Irland. Det er ein verkeleg statsmann vi er så heldige å få oppleve og dra lærdom av på Temposeminaret.

Temposeminaret
Suksessfaktorer i livet – og næringslivet.