Jon Ensor

«The magic in communication»

Jon Ensor. Foto.

Jon Ensor er magikar og underhaldar i verdsklasse. Han er særs ettertrakta over heile verda, og etter at han flytta til Norge i 2010 har han blitt populær både hos det norske kongehuset, i mindre hus og hos mange bedrifter som har opplevd magien hans.

Ensor er lidenskapleg oppteken av kommuniasjon og persepsjon, og hans fabelaktige føredrag er fullt av herleg tørr engelsk humor, lureri, og augneblinkar der du skjønar at di kjensle av kva som er verkeleg verkeleg blir utfordra.

Det er eit særs inspirerande føredrag der Ensor, gjennom magiske demonstrasjonar og anekdotar, tek opp tema som er viktige innafor området kommunikasjon, med vekt på person-til-person kommunikasjon:

– Kan dine val av ord verkeleg endre andre si verkelegheit?
– Korleis kan eg samspele og få betre relasjonar til dei rundt meg?
– Korleis kan eg takle nervar før eit møte eller ein presentasjon?
– Korleis kan eg kontrollere kroppsspråket mitt på ein måte som gjer at eg kan kommunisere bodskapen min utan ord?
– Kan ein tilsett definere ei heil bedrift, ei merkevare, gjennom sin kommunikasjon?

Ensor sitt føredrag er inspirerande og tanke-provoserande. La deg, bokstavleg talt, trollbinde – og bli inspirert til å ta kontroll!

Temposeminaret
Suksessfaktorer i livet – og næringslivet.

Vi brukar informasjonskapslar for å gje deg ein enklare brukaropplevelse og til statistikk slik at vi kontinuerleg kan forbedre sidene våre.