Kjell Nordstrøm

«Framtid; økonomiske trendar globalt og lokalt»

Kjell A. Nordstrøm. Foto.

Kjell Nordstrøm er ein av verdas mest anerkjente management guruar. Eit føredrag med hans tankar og professorale teoriar om økonomisk utvikling og framtid er ikkje noko du høyrer på – du lyttar og lærar. Den karismatiske svenske økonomi-professoren, management tenkjaren og bestseljande forfattaren, har ei eiga evne til å trollbinde sitt publikum. Sylskarpe refleksjonar, nytenkjande og underhaldande.

Nordstrøm er godt kjent i vår region; han er rådgjevar for så vel lokale verksemder som for globale multinasjonale selskap.

Nordstrøm si siste bok, Urban Express, går i detalj om kva den nære framtid vil bringe til sivilisasjonen. Saman med sin medforfattar, Per Schlingmann, ser dei ei stille revolusjon fronta av byar og kvinner. Dei ser multinasjonale selskap som blir transformert til multi-urbane selskap. Dei ser at «det urbane» blir det nye «svarte» og ordførarar og borgarmeistrar blir «statsministre» i vår æra. Dei ser behovet for ny, ikkje-digital kompetanse og dei ser eit samfunn som er på eit ekspress-tog på veg mot total urbanisering. Nordstrøm sine framtidsteoriar er sjølsagt høgst relevante for «rurale» Sogn og Fjordane, noko han vil eksemplifisere.

Nordstrøm kjem også med råd om korleis lokale bedrifter skal halde på konkurransekraft i det framtidsbiletet han teiknar. Saman med Jonas Ridderstråle skreiv han også bestseljaren «Funky Business: Talent Makes Capital Dance» – eit bok som har fått merkelappen «eit manifest over kva krav vår tid og framtid set til utviklinga av bedrifter og leiarane deira».

Nordstrøm er professor på Institute of International Business (IIB) på Stockholm School of Economics. Han er også kjent for å vere ei av verdas leiande forskarar på multinasjonale selskap og den globale marknaden.

Vi gler oss til å oppleve og lære av ein av verdas store økonomi-tenkjarar.

Temposeminaret
Suksessfaktorer i livet – og næringslivet.