Leif Olstad

«Kommunikasjon er den beste medisin»

Leif Olstad. Foto.

Leif Olstad er basesjef i Norsk Luftambulanse og tidlegare teknisk sjef i Airlift. Han har også ein kort periode bak seg som dagleg leiar i Førdefjorden Energi.

Gjennom sitt arbeid i luftfarten har Leif i alle år vore del av eit strengt kvalitetssystem der ein gjerne kunne lagt til ein stor K i det som folk kjenner som HMS. K for kommunikasjon. God kommunikasjon er essensielt for alt HMS-arbeid, og Leif meiner vi alle har mykje å lære av luftfart – både i næringslivet og livet generelt. Føredraget handlar kort fortalt om at det i stor grad er system- og ikkje person-avhengig om ei bedrift lukkast.

Leif og kona blei foreldre til ei hjartesjuk jente i 2010, og var ein del av helsevesenet i 13 månader før kampen til slutt gjekk tapt. Føredraget til Olstad tek utgangspunkt i sjølvopplevde hendingar i livet der han opplevde manglande kommunikasjon, men der kommunikasjon også var «den beste medisin». Føredraget er slett inga sorgfylt minnestund. Det er eit føredrag om korleis dei som foreldre overlevde kampen og kva lærdommar ein sit igjen med.

Leif er sogning, og gjennom humor og alvor framkallar han både latter og tårer i sine føredrag. Han gir gode døme på dårleg og god kommunikasjon, og gir oss praktiske døme på korleis og kvifor mennesket feilar i ulike settingar (Human Factors) og kva grep ein kan gjere for å hindre at same feil skjer igjen – og korleis reagere når feila likevel skjer igjen. Kommunikasjon er eit felt vi aldri kan bli utlært på: Leif lærer oss å til å bli flinkare til å kommunisere med kvarandre.

Leif held føredrag i mange ulike settingar, og får veldig gode tilbakemeldingar på føredraget sitt.

Temposeminaret
Suksessfaktorer i livet – og næringslivet.

Vi brukar informasjonskapslar for å gje deg ein enklare brukaropplevelse og til statistikk slik at vi kontinuerleg kan forbedre sidene våre.