Loveleen Rihel Brenna

«Mangfaldskompetanse – det nye gullet»

Loveleen Rihel Brenna er ein prisvinnande foredragshalder, forretningsutviklar og grunnleggar av Seema – senter for mangfaldsleiing. Med stort engasjement held ho foredrag om mangfald, leiarutvikling og organisasjonsutvikling.

Loveleen brukte fire år på å gå ut av eit arrangert ekteskap. Då valet var tatt, vende alle henne ryggen.

No står ho i front. Ho har bidratt til Stortingsmeldingar og nasjonale strategiplanar. I sine åtte år som leiar, gav ho Foreldreutvalget for grunnopplæringen ny gjennomslagskraft. Ho har leia Barne- og likestillingsdepartementets Kvinnepanel, og også leiar arbeidet med å utvikle ein nasjonal standard for leiingssystem for mangfold, i regi av Standard Norge. 

Mangfaldskompetanse er den kompetansen du som leiar må utvikle for å identifisere, koordinere og bruke ressursene i bedrifta.

Foredraget til Loveleen er viktig og lærerikt – både for deg som einskildindivid og for bedrifter.

Generalsponsor

Hovudsponsor

Samarbeidspartnarar