Malin Arntsen

«Å gjere gull av gråstein»

Malin Arntsen. Foto.

Ho gjekk ut av niande klasse utan å kunne lese. No er Malin Arntsen multigründer og ein ettertrakta foredragshaldar. Ho tek rett og slett publikum med storm med sitt glimrande foredrag.

«Ingenting er umulig. Det umulige tar bare litt lengre tid»

Ordtaket har blitt eit livsmotto for Malin Arntsen. Ho vaks opp på Rødøy, ei lita øy ytst i havgapet utanfor Svartisen på Helgelandskysten der det bur under 200 innbyggjarar. Men alle der har noko å takke Malin for. For med ein herleg ståpåvilje, ein enorm arbeidskapasitet og utprega sans for det umoglege, har ho realisert prosjekt etter prosjekt og mange berekraftige verksemder på Rødøy. Hennar evne til å gjere gull av gråstein har forbausa mange over det ganske land. Reiselivsbedrifter, hudpleie, bamsehus, poker og øl til eldre… Malin tek oss med på alle prosjekta sine med ein raus porsjon humor! Som dyslektikar er det ikkje grafar og det skrivne ord Malin brukar i foredraget – det er gjennom bilete og fortelling ho får oss til å le, lytte og lære.

Malin har mottatt fleire næringsprisar, bl.a. Nordland fylke sin næringspris for kvinner, og «Årets Nordlending».

Ho var ei av dei “Ustoppelige” i TV-serien som gjekk på NRK i 2013. Malin sine foredrag er blitt særs populære, mellom anna fekk ho beste evaluering frå publikum på den store Haugalandskonferansen i vår.

 

Sjå fram til eit spennande møte med ei kvinne som rett og slett er ustoppeleg, er eit oppkomme av handlekraft og ser potensiale i det meste. Alle treng ein porsjon Malin i ny og ne – for å få fram sitt eige og bedrifta sitt potensiale!

Temposeminaret
Suksessfaktorer i livet – og næringslivet.