Marit Bjørgen

«Gode sammen – en konsekvens av bevisst kultur»

Portrettbilde av Marit Bjørgen.

Marit Bjørgen har vunne 8 gull og totalt 15 medaljar i vinter-OL. Det gjer ho til den mestvinnande vinterolympiar gjennom tidene. Med 18 VM-gull og «eit hjarte av gull» i følgje lagvener og konkurrentar, meiner mange at Bjørgen er den største norske idrettsprofilen gjennom tidene.

Bjørgen har ein aura av integritet, vilje og godheit rundt seg. Som naturleg leiar og empatisk medmenneske på langrennslandslaget, stod ho i front både i med- og motgang. Foredraget hennar handlar om å byggje sterke lag. Om kvifor det er smart å vere del av eit lag om ein ønskjer å bli god som menneske, som leiar, som tilsett. Ho delar av sine erfaringar og meiningar kring strategi, gjennomføringsvilje og -evne, trening, utvikling og endringsmot.

– Mine erfaringar har gitt meg læring som kan overførast til næringslivet. På laget vårt har vi vore avhengige av at alle trekk i same retning og har eit felles mål. Vi må byggje tillit mellom kollegaene gjennom god kommunikasjon og raus omtanke for at vi er ulike som personar. Det er grunnlaget for suksess. Og ikkje gløym humor og humør, seier ho.

Bjørgen har fått strålande tilbakemeldingar på foredraget sitt. Vi gler oss stort til å bli inspirert av ei levande legende!

Temposeminaret
Suksessfaktorer i livet – og næringslivet.