Marlen Ferrer

«Arbeid i eit historisk perspektiv»

Marlen Ferrer. Foto.

Marlen Ferrer er historikar og forfattar, og vil for ein del vere kjent som fast paneldeltakar i NRKs populærvitenskapelege underhaldningsprogram Lyngbø og Hærlands Big Bang, samt i radioføljetongen «Norges historie i 25 ting» i Ekko, NRK P2. Ho har doktorgrad i historie, og har i ei årrekkje vore førelesar ved universitet, høgskule og for næringslivet. Ho har også gitt ut bøkene «Norges historie i 25 ting» (2013) og «Korstogene»(2013).

Føredraget hennar – «Arbeid i eit historisk perspektiv» – slår særs godt an hos publikum. På ein tankevekkande og vittig måte fortel Marlen Ferrer for endringane i synet på arbeid opp gjennom historia; – frå steinalderen der menneska kun arbeidde nokre få timar om dagen, til det moderne samfunnet der arbeid er vår framste sosiale markør.

 

Når blei arbeid så viktig? Var det då skillet mellom arbeid og fritid oppstod? I dag snakkar vi om eit helsefremjande arbeidsliv, men faktum er at i tidlegare tider tok gjerne arbeid knekken på helsa. Samtidig var arbeid rein overleving. Ferrer streifar innom årelating, giktiske 30-åringar, «fabrikkarbeidersker ved Akerselva og foryngelseskurer bestående av brystmelk for tilårskomne menn».

Kva kan vi lære om arbeid i og frå historia?

Marlen Ferrer stil er tankevekkande, anekdotisk og humoristisk – i eit føredrag som inspirere deg i ditt daglege arbeid.

Temposeminaret
Suksessfaktorer i livet – og næringslivet.

Vi brukar informasjonskapslar for å gje deg ein enklare brukaropplevelse og til statistikk slik at vi kontinuerleg kan forbedre sidene våre.