Mikael Andersson

«Tankens kraft – gjer det umoglege mogleg»

Mikael Andersson. Foto.

I fleire år har vi prøvd å få Mikael Andersson til Temposeminaret – endeleg lukkast vi.

Mot alle odds, født utan armer og bein, har Mikael Andersson alltid måtte kjempe seg til det andre tar for gitt. I dag er Mikael gift, har fire barn, er sjølstendig næringsdrivande –  og er ein av Nordens aller mest populære foredragshaldarar.

Foredraget «Tankens kraft» er den fantastiske historia om korleis ein gutt som i 1964 blei født utan armer og bein, mot alle odds har kjempa seg fram frå eit liv full av avgrensingar, til eit rikt og fullverdig liv. Med døme frå sitt eige liv, som blant anna inkluderer ei karriere som idrettsutøvar, fortel Mikael korleis han etter kvart forstod at dei fleste avgrensingar kun finst i ditt eige hovud.

Foredraget handlar om ressursar og moglegheiter i livet. Du får innblikk i ein personleg filosofi og vinnarkultur som rett og slett kan kan redde liv.

Med ein elektrisk rullestol, tilpassa bil og framfor alt ei vinnande haldning, tar Mikael seg fram i livet – og gir deg inspirasjon om korleis du kan ta deg fram i ditt liv.

Du går ikkje frå eit foredrag med Mikael Andersson utan å ha blitt djupt påverka og inspirert.

Temposeminaret
Suksessfaktorer i livet – og næringslivet.