Ola Braanaas

«Den radikale, dyslektiske pønkaren som blei laksemilliardær og kapitalist»

Ola Braanaas. Portrettfoto.

Gründaren Ola Braanaas har brukt snart 40 år av livet sitt på å byggje opp laksekonsernet Firda Seafood med 250 tilsette. Historia til selskapet starta med ein folkevognbuss, ein campingvogn, nokre spader og ein betongblander.

Som ung var Ola medlem i Raud Ungdom, han selde Klassekampen og demonstrerte for Palestina, Libanon og Eritrea. Og han fekk ut frustrasjonen sin i pønkbandet Klegg. Dysleksien gjorde han til eit noko blast skulelys, og eksploderte uthus var blant påfunna som kosta mora og faren meir enn søvnlause netter. Men det er dei han gir mykje av æra for at det trass alt har gått bra.

Sjølv om Ola no er flytta til Bø i Vesterålen, er det i «gamle-fylket» Sogn og Fjordane verdiskapinga til Firda Seafood er størst.

Før han flytta var Ola rikast i Sogn og Fjordane-delen av Vestland i følgje formuelistene. Men pengar likar han ikkje å telje. Løna er beskjeden og han likar heller å investere i bedrifta og lokalsamfunnet. Sjølv om han politisk har skifta farge sidan ung rebell, så ligg nokre av det gamle, raude tankegodset til grunn når han snakkar seg varm om samfunnsbygging.

Ola har sterke meiningar om mangt og mykje, og har ei fasinerande livshistorie som han deler med oss. Det vil handle om gründerskap, distriktspolitikk, næringsliv, kulturliv og livet. På Temposeminaret får du oppleve Ola med frie tøyler.