Øystein Dørum

«Veien tilbake – hvordan?»

Øystein Dørum. Foto.

Sjeføkonom i NHO, Øystein Dørum, har ei viktig stemme i tida vi lev i. Som marknadskommentator og sjeføkonom, er Dørum kjent for å vere ein glimrande foredragshaldar. I foredraget sitt vil han dele tankar om dei økonomiske framtidsutsiktene våre; heime og ute. Dørum vil ta for seg tema som; verdien av arbeid og handel, grøn teknologi og berekraft som strategisk verkemiddel for bedriftsutvikling, avgjerder i ei “handlingslamma” tid, trendar og økonomiske system i framtida.

Etter foredraget vil Dørum delta i ein paneldebatt der 5 næringslivsleiarar frå verksemder i Vestland vil diskutere tema Dørum tar opp i foredraget sitt, og setje desse inn i ein konkret kontekst for framtidsutsiktene våre her vest. Næringslivsleiarane som deltar i panelet blir presenterte seinare.

Vi ser fram til eit foredrag og ein debatt som kanskje vil vere med på å stake ut kursen for lokalt næringsliv framover!

Temposeminaret
Suksessfaktorer i livet – og næringslivet.