Per Sævik

«Frå bølgedal til bølgetopp – bli med på reisa»

Per Sævik. Foto.

Per Rolf Sævik har eit særs innhaldsrikt og spennande yrkesliv bak seg. På Temposeminaret vil han dele sine erfaringar – både oppturar og nedturar.

Med Sævik sine interesser i Florø (Fjord1) og Sogn og Fjordane (Havyard), og hans bakgrunn som gründer og samfunnsbyggar, vil det vere særs interessant å høyre på hans erfaringar og meiningar.

Sævik vil særskilt prate om Fjord1-oppkjøpet som han vil bruke som døme for dei menneskelege og forretningsmessige verdiar og prinsipp han legg til grunn i livet og næringslivet.

Per Rolf Sævik er gründer av Havila-konsernet som mellom anna er majoritetseigar i Fjord1 og Havyard Ship Technology.

Skipparen, fiskebåt-reiaren, offshore-reiaren og forretningsmannen Sævik leia Fiskebåtredernes Forbund frå 1979–1983, han starta supplyreiarlagklyngen på heimstaden Fosnavåg og førte Havila Supply til børs i 1998. I 2005 ble Havila Shipping børsnotert. Sævik var president i Norges Rederiforbund 1996–1998 og han var Herøys ordfører 1988–1989 og innvalt på Stortinget frå Møre og Romsdal 1989–1993, etter å ha vært vararepresentant sidan 1977. På Stortinget satt Sævik i forsvarskomiteen 1989–1990 og kommunal- og miljøvernkomiteen 1990–1993, frå 1990 også som nestleiar i kontrollkomiteen. Han var styreleiar i Helse Midt-Norge RHF 2004–2006.

Kongen utnevnte i 2012 Sævik til ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden «for hans innsats for skipsfartsnæringen.»

Temposeminaret
Suksessfaktorer i livet – og næringslivet.