Roger Fisk

«Marknadsstrategi og bruk av sosiale media – Obamas valkampanjar som døme»

Roger Fisk. Foto.

Roger Fisk er nøkkelmannen bak Barrack Obamas to suksessfulle valkampanjar; «Change» i 2008 og «Yes we can» i 2012. Dei to kampanjane er anerkjent som dei beste i amerikansk presidenthistorie.

Roger Fisk er internasjonalt kjent som ein særs dyktig strateg innan marketing og media. Politiske kampanjar har vore hans hovudfokus dei siste åra, men tema er generelt og har stor overføringsverdi: Kommunikasjon, informasjon, relasjonar og marknadsføring. På ein særs suksessfylt måte engasjerte Fisk millionar av menneske i valkampane gjennom langvarig marketing og PR-strategiar, med effektiv bruk av sosiale media.

Det er eit særs lærerikt og fengslande føredrag vi får høyre – frå innsida av The White House – av ein mann som verkeleg kan kommunikasjon.

Undervegs i valkampanjane var Fisk tilknytta Secret Service, og han var direkte ansvarleg for å koordinere og leie media si dekning av over 150 valkamp-arrangement over heile USA. Han hadde også «bak-scena-ansvaret» for ei rekke tv-program der Obama var med: 60 Minutes, The Daily Show, Good Morning America, Saturday Night Live og den historiske Race Speech i Philadelphia i 2008.

Fisk skriv no boka «America was my office» der han delar historiar og erfaringar frå sine presidentkampanjar.

Fisk er ein ettertrakta føredragshaldar og kursleiar innan kommunikasjon og leiarskap. Vi gler oss svært til at han delar sine «Obama»-erfaringar og kunnskapar som valkampstrateg, marknadsførar og sosial media-ekspert med oss på Temposeminaret – berre 4 dagar før det amerikanske valet!

Temposeminaret
Suksessfaktorer i livet – og næringslivet.