Sigbjørn Johnsen

«Både verdiar og pengar på bok»

Sigbjørn Johnsen er godt kjend frå politikk og samfunnsliv. Han har vore stortingsrepresentant for Arbeiderpartiet, finansminister i nærmare 10 år og fylkesmann i Hedmark.

Han var sentral i samband med opprettinga av «Oljefondet», og som finansminister var han den som sette inn dei første pengane i fondet i mai 1996.

I sitt politiske virke la han særleg vekt på at politikken må ha ei verdimessig forankring. Med hans unike politiske bakgrunn og innsikt i oppbygginga av velferdsstaten Norge, vil han ta for seg både historie og framtidstankar om samfunnsutviklinga. Ressursstyring, samfunnsøkonomi og den grøne framtida; – foredraget til Johnsen er hyperaktuelt i desse tider. Med sin lune og folkelege veremåte og sitt gode humør, er Johnsen ein ypparleg formidlar av kunnskap, erfaringar, gode anekdotar og reflekterte framtidstankar.

Johnsen var i mange år styreleiar i Statkorn Holding, seinare Cermaq, og hadde i den samanheng ei viktig rolle i utvidinga og bygginga av Ewos sine anlegg i Florø.

Foto: Ricardofoto

Generalsponsor

Hovudsponsor

Samarbeidspartnarar