Suzann Pettersen

«Vinnerskalle – no guts, no glory»

Suzann Pettersen. Foto.

Suzann «Tutta» Pettersen er ei av Norges absolutt største idrettsstjerner gjennom tidene. I 19 sesongar spelte ho på det øvste nivået i verdsidretten golf; nærare bestemt på den amerikanske golftouren «LPGA», før ho la opp på topp no i haust. Suzann har 15 sigrar på touren, der to er «major»-titlar: LPGA Championship i 2007 og Evian Championship i 2013.  Ho har fleire andreplassar dei tre øvrige «majorane»; US Woman`s Open Championship, Woman`s British Open og ANA Inspiration.

I foredraget sitt «Vinnarskalle – no guts no glory» fortel ho om sin veg og utvikling gjennom karriera. Om vegen til toppen. Om den ti år gamle jenta som drøymde om å bli best i verda, om toppidrettsutøvaren som vaks fram gjennom ungdomsåra, og om arbeidet den vaksne utøvaren måtte leggje ned for å realisere draumen og nå måla sine. Kva eigenskapar må til? Kva eigenskapar måtte ho jobbe med i den marginale (og ofte frustrerande) idretten golf er? Frå «driveren» til «putteren», frå «hole-in-one» til «fore» og «albatross», har Suzann erfaringar og ikkje minst ein mental styrke som vi kan la oss inspirere og dra lærdom av.

Suzann viste ein enorm stabilitet gjennom karriera, med 146! topp-ti plasseringer på LPGA. Og i perioden 2007-2015 låg ho på topp-ti på verdsrankinga samanhengande i 435 veker. Ho har deltatt for Europa ni gongar i Solheim Cup, den aller største turneringa i kvinnegolf der Europa konkurrerer mot USA annakvart år. I Solheim Cup er ho ei av Europas beste poengplukkarar gjennom tidene, og med sitt siste slag som profesjonell golfspelar, sytte ho for at Europa slo USA no i haust. Det kallar vi å gje seg på topp!

Suzann er kåra til «Årets kvinnelige utøver» tre gongar på Idrettsgallaen i Norge, og i 2013 blei ho også tildelt den prisen som mange utøvarar set høgst; Utøvernes Pris.

Suzann «Tutta» Pettersen har vore ei av av dei fremste kulturberarane i norsk toppidrett dei siste 20 åra. Hardt arbeid og målbevisst gjennomføringskraft har vore hennar fremste varemerke gjennom heile karriera.

Success isn`t given, it`s earned!

Temposeminaret
Suksessfaktorer i livet – og næringslivet.