«Når ein millimeter er nok»
Det finst ikkje eit liv utan strafferundar. Sjølv ikkje for perfeksjonisten Tarjei Bø.
Kvifor valde perfeksjonisten Tarjei ein jobb der det uperfekte er «normalen»? For bomskot, ekstraskot, strafferundar og tilleggsminutt skjedde langt oftare i skiskyttar-karriera hans enn feilfrie løp. Eit døme; i løpet av 16 år i verdscupen klarte han aldri å skyte fullt hus på ein 20 kilometer. Men han gav aldri opp å prøve på det.
Han har ei ukueleg vilje og treningsiver. Når du trenar halv åtte om morgonen første juledag i pøsande regnvêr, er du ganske viljesterk, har far Klemet sagt om sonen.
Denne vilja og dette pågangsmotet får du høyre meir om frå ein av våre mest karismatiske idrettspersonlegheiter dei siste 20 åra.
Tarjei seier det slik sjølv: – Eg var ganske dårleg då eg var 13-14 år. Men dersom du er dårleg er det berre å fortsetje og trene, så blir kanskje du òg god ein dag.
Det å vere nest best har si oppside det også. Dei nest beste får ros for innsats og hardt arbeid. Dei nest beste har større moglegheit til å oppleva framgang, og effekten av det harde arbeidet.
Og sjølv om Tarjei ikkje alltid traff, så har han ein strålande karriere å sjå tilbake på. Då han la opp etter årets sesong hadde han sanka 3 OL-gull, 12 VM-gull og ein samanlagtsiger i verdscupen.
Men det har vore mange nedturar i karrerien også, med mykje sjukdom. Og etter kvart måtte han sjå at broren Johannes blei betre enn han. Korleis takla mannen med det ekstreme konkurranseinstinktet det? Kva kan Tarjei lære oss om mot- og medgang og generelt om det å konkurrere – både internt i eit arbeidsmiljø og eksternt?
Og kva kan Tarjei lære oss om å ta beslutningar? Takle raske endringar og omstille seg bokstavleg talt frå vindstille til tre knepps vind frå sida.
Det er noko med kontrasten frå skigåing i stort tempo, til brått å stå så stille som mogleg og skyte, for så å setje tempo igjen. Det å endre fokus frå det eine til det andre så fort, det å ta risiko, det å tørre eller ikkje tørre å skyte fort, få skjelven, tenkje konsekvens eller ikkje tenkje.
Kjensla av meistring i den eine augneblinken og kjenne seg mislukka i neste når du bommar med ein millimeter, forsterka av reaksjonane frå «kundane» (publikum og sponsorar) som ser på frå tribuna og tv-skjermen, reaksjonar frå arbeidskollegaene på laget og leverandørar i alle slags former. Evnar ein å tenkje leik og moro oppi presset og konkurranseinstinktet ein kjenner på? Og kva skjer når du ikkje får gå renn, når du rett og slett ikkje får gå på arbeid fordi leiinga meiner du ikkje er god nok den helga? Kva med kommunikasjon i slike situasjonar, støtte frå laget, samhaldet og humører, vi-kjensla?
Det er så mykje av dette Tarjei Bø har vore med på som skiskyttar som vi «vanlege» arbeidsfolk kan lære av og bli inspirert av. Med glimt i auget og sin karismatiske og muntre veremåte, gler vi oss til ein liten time med den glade stryningen!