Tempobanketten

Mat, prat, musikk og humor!

Eldar Vågan. Foto.

I år har vi fått med oss Eldar Vågan på Tempobanketten! I fleire ti-år har Eldar som sentral «figur» i Vazelina Bilopphøggers gleda oss både gjennom musikk, tv-seriar og humor.

Eldar er artist, musikar og komikar. På Tempobanketten vil han spele gamle klassikarar frå Vazelina – og sikkert litt andre musikalske sprell – og spe på med både lune og gapskratt-skapande historiar.

Eldar er ein folkekjær artist, komikar og musikar som vi gler oss til å ha til bords og på scena under Tempobanketten.

Totalprisen pr. person for Tempobanketten er kr 950,- inkl. Kysten Restaurant sin spesielle Tempo-tapas-meny, aperitif og 2 glass drikke til maten, samt underhaldning med Eldar Vågan.

Vi har kun 90 billettar for sal, så ver tidleg ute med påmelding til denne flotte festkvelden!

Påmelding via påmeldingsskjema.

Temposeminaret
Suksessfaktorer i livet – og næringslivet.

Generalsponsor

Samarbeidspartnarar