Børge Lund

«Kven er du på jobben? Om endringsglede, andre buzzord og kan-vi-ta-det-på-måndag-typen»

Børge Lund. Portrettfoto.

Mannen bak teikneeserien Lunch er fødd og oppvaksen i Sauda. Han er utdanna industridesigner og har jobba med produktutvikling i over 12 år. I 2007 tok Lund eit steg frå kontoret og over til Dagbladets teikneseriekonkurranse. Der blei Lunch til og livet som serieskaper starta. Lund starta med faste stripeleveransar ved siden av full jobb. No, 17 år etter, har Lund blitt ein av Norges mest populære serieskaparar, og ein attraktiv foredragshalder for næringslivet og offentleg sektor.

Kollasj med «Lunch – Da var det helg» og Børge Lund foran tavle med illustrasjon.

Lund teiknar sjølvsagt undervegs i det særs underhaldande foredraget sitt. Eit foredrag som tek for seg viktige tema.

– Eg brenn for å fortelje historier frå arbeidslivet. På ein måte der folk tenkjer «Korleis veit han dette? Her ser me oss sjølve.» Eg brenn for at Lunch skal fortelje noko om samtida og måten me jobbar på. Korleis me oppfører oss mot kvarandre på jobb. Kven me er, kva me er opptekne av og kva leiinga er opptekne av. Kva er gjeldande buzzwords? seier Lund.

Og legg til:
– Eg skal ikkje endra noko, men få folk til å tenkje seg om to gonger før dei lagar ein veldig dum Powerpoint. Om eg kan gå inn der og få folk til å tenkje «dette kunne blitt gjort narr av i Lunch»; – ja, kan eg snike meg inn der, då er eg nøgd!

– Du kan ikkje ta alt på alvor og må le litt av deg sjølv og systemet ein har skapt. Prøve å halde det flytande. Det må vere eit viktig råd, seier Lund.

Han ber deg om å tenkje på då du gjekk i sjetteklasse:

– Livet på kontor er som ein skuleklasse. Det er gjengen du gjekk med i sjetteklasse som er ute i arbeidslivet også. Det finst ingen andre menneske enn dei du gjekk i klasse med. Du må ta dette inn over deg vidare i livet. Tenke på kva du krev av livet. Me er ikkje alle ufeilbarlege einarar. Me er berre ein skuleklasse som prøver å få det til å rulle og gå.

Jobbar du på kontor, er sjansen stor for at du kjenner deg igjen i Børge Lund si verd.